Går for felles skatteinnkrevjing

For Ulstein, Herøy og Vanylven.

Felles: Kommunestyret i Ulstein skal neste veke handsame framlegget til vertskommuneavtale om skatteoppkrevjar for kommunane Herøy, Vanylven og Ulstein 

Nyhende

Ulstein formannskap godkjende framlegget til vertskommuneavtale om felles skatteoppkrevjar for kommunane Herøy, Vanylven og Ulstein. Herøy blir vertskommune, noko som blir grunngjeve med at Herøy har mest ressursar og kompetanse på skatteområdet.

Kommunane samarbeider frå før om felles sentralbord. Det er elles fleire andre samarbeid «i kjømda», heiter det i sakspapira. Det står også at om fleire kommunar vil vere med er det plass til det.

Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 5 mot 2 røyster.

Saka går vidare til Ulstein kommunestyre, som har møte torsdag 20. september.