Støtte til Hødd-jubileum

100 år: Hødd fyller 100 år neste år. Idrettslaget har breidde i aktivitetane sine, men det er innan fotball dei har markert seg sterkast, ikkje minst då dei tok cup-gull i 2012.  Foto: Joar Drønnesund

Nyhende

Ulstein formannskap vedtok samrøystes å løyve 300 000 kroner til IL Hødd si jubileumsmarkering, Hødd i 100. Idrettslaget planlegg eit jubileum som innbyggjarane i kommunen skal ha glede av. Det blir fleire ulike merkeringar.

Kommunen skal gje 150 000 kroner i 2018 og 150 000 i 2019. Kommunen føreset at pengane blir brukt i samsvar med søknaden og idrettslaget sine kjerneverdiar: stolt, audmjuk og inkluderande.