Flyttevedtak skaper bråk

Nyhende

Finst det noko meir engasjerande og opprivande enn lokaliseringsdebattar på Hareidlandet?

Det har vore ein del slike det siste året. I vår handla det om distriktstannklinikken, som enda på Hareid. Brannvernet er lagt til Ulstein, NAV til Hareid. Og denne veka dukka det opp eit nytt lokaliseringstilfelle.

Dei fleste av oss veit truleg ikkje så mykje om SSIKT, Søre Sunnmøre IKT. Samarbeidet omfattar dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, eller sjustjerna som dei likar å kalle seg. «Alle våre tenester er levert frå vårt eige datasenter i Hareid rådhus – det beste datasenteret mellom Trondheim og Bergen», står det på heimesida til SSIKT. Ei opplysning som nok har vore ukjent for dei fleste innbyggarane.

No har styret, der rådmennene sit, bestemt at driftsavdelinga skal flyttast til Ulsteinvik. Vedtaket er gjort i strid med innstillinga frå SSIKT-leiaren, som ville halde fram på Hareid. Og dei innflyttingsklare lokala på Reiten er nok ikkje så innflyttingsklare likevel.

Då blir det bråk, sjølvsagt.

Varaordføraren i Hareid kalla avgjerda eit reint politisk lokaliseringsvedtak, og skreiv følgjande i eit lesarinnlegg: «Vi treng ikkje la griskheita trumfe fornufta. Det er ikkje slik samarbeid på tvers av kommunane skal vere.»

Ordføraren i Ulstein svarar på innlegget og ber varaordføraren halde seg til sanninga og skriv at «Skal vi få til samarbeid mellom kommunane er tillit det aller viktigaste.»

Verken varaordføraren i Hareid eller ordføraren i Ulstein var med på avgjerda i SSIKT-styret. Difor er det naturleg at det no kjem ein debatt om det er smart eller ikkje å overlate slike verv til rådmennene.