Positive til ny plan for Ulstein Verft

Torsdag skal Ulstein kommunestyre ta stilling til ei detaljregulering for Ulstein Verft.

Ulstein verft: Ortofoto med markering for planområdet. Henta frå Sunnmørskart/sakspapira.  Foto: Sunnmørskart.

Nyhende

Detaljreguleringa omfattar regulering av industriområde for høghall og andre produksjonshallar, kai og hamneområde i sjø, samt turdrag til Boholmen.

Planen har vore ute på offentleg ettersyn. Administrasjonen og teknisk utval rår kommunestyret til å godkjenne planen.

Fylkesmannen leverte motsegn, men etter nokre justeringar har han trekt motsegna.

Hovudmålet med reguleringa er å få meir fleksible rammer for bygg og anlegg og bruk av vestleg del av Osneset. Det er også å sikre tilgjengeleg sjøtilknytte areal for noverande og framtidig verksemd.

Oppstartsmøtet var i august 2012, så dette har vore ein lang prosess. Planforslaget er utarbeidd av Sporstøl Arkitekter AS i samarbeid med forslagsstillar Ulstein Verft AS og Ulstein kommune.

Gjeldande reguleringsplan er over 15 år og lite hensiktsmessig med tanke på dagens behov.