Så kom dagen, så kom timen

I dette lesarinlegget skriv ein fortvilt forsørgar om den økonomiske kvardagen i Ulstein.
Nyhende

Ulstein kommune kjem til å knekke min vesle familie!

Vi er berre ein av mange i ein veksande flokk av fattige, store og små i Ulstein kommune.

Og har kr 13 000,- pr. mnd. å leve av med 2 born.

Nyleg kom SSR-rekninga som ikkje skilje på «mykje eller lite», straumrekning og bilavgift med forsikring. Nøydd å ha bil!

Eg hadde denne mnd. von om å få betale treningsavgifta til Hødd, men må på nytt be om utsetting.

Dei som tek seg av ungane på Hødd har eg stor respekt for og gir oss trøyst og von svært ofte. Men eg veit også at leiga til Ulstein kommune skal betalast med millionbeløp pr. år og at den må fordelast på alle som leikar der. Dette er einaste fritidsaktiviteten vi kan vere med på.

Vi er og svært glade og takksame for den gode skulen vi har i Ulstein og for dei dyktige og omsorgsfulle lærarane. Takk!

Men så kom dagen og eigedomsskatten med kr 2 24O,- Dette var kr 200,- mindre enn min gode nabo fekk med 3 gonger så stort bustadareal og inntekt langt over millionen. Eg gret av fortviling og gøymde meg bort denne kvelden! Der rann det over, eg ser berre mørket og at eg ikkje strekk til!

Kva er det Ulstein kommune har stelt i stand siste åra?

Eg såg at 2 parti stemte ned skatteforslaget til Venstre i kommunestyret når ein ville greie ut frådrag. lkkje uventa at liv og lære ikkje stemmer mellom desse politikarane som har gløymt kven som har vist dei tillit!

I sommar var eg heldig og fekk tilbod frå ein «på solsida» og eg såg fram til å klare få borna med på Norway Cup. Eg arbeidde 30 timar og stolte på at eg fekk høveleg betaling. Fekk kr 85,- pr. time på svart og måtte hente tilfang fleire gonger med bilen min. Ja, etter 5 dagar fekk eg det same som ein politikar eller kommunal tilsett får utbetalt etter ein Molde- eller Oslotur for diett og køyring.

Vi kjøper all mat vi kan finne som er utgått på dato i butikkane og brødvare frå dagen før. Eg ser fleire som gjer det same! Klede kjøper eg på bruktbutikken og borna blir gåande mest i treningstøy.

Under Båtfestivalen gledde vi oss til gratis frukost i teltet og Rema 1000 si gåve. Eg vart skremt når eg såg kor mange fattigfamiliar og eldre som kom, var kø utpå gata. Her var ikkje ein einaste partiprofil

eller lokaladministrator å sjå. Det var vondt å oppleve dette.

Og denne frukosten og matpakken vi fekk ta med heim, rekna eldstemann ut sparte oss for kr 145,-.

Om kvelden gjekk vi ut i skyminga og samla tomgods og fangsten vart god – kr 1O7,-

I sum over kr 25O,- og ein stor dag for oss!

Vel heime leste vi Vikebladet og såg litt på face. Mykje fargesprakande reklame og sjølvskryt frå kulturavdelinga. Eg følte eg leste: «Kom på kino og du blir inn og lykkeleg – hugs å bestille snop»!

Kun 2 gonger i år har vi vore på kino – i ein nesten tom sal – berre vakter og kioskpersonale som sel usunne varer. Kvifor driv kommunen med dette? Vi blir mobba i senk av jappekulturen som herjar i Ulstein.

Ei heller kan vi besøke Ulsteinbadet! Og kven trur du av borna mine som tør saman med vener, gå på Arena og be om fattigbill. frå dei snille tantene i Saniteten?

Opp i dette ser vi i media at vi er heldige som bor i Ulstein når vi får meir avgifter å betale.

Avsendarane er ofte politikarar eller kommunalt tilsette. Dei sender sine glorifiserte og sminka helsingar frå hytter, fjelltoppar, hotell og kongressar, frå inn og utland, til oss som sitt i saksa heime i Ulstein.

Og vi må ofte snakke usant for å melde fråfall til aktivitetar der mange andre er med og som borna så gjerne skulle ha vore med på.

Kvifor er her ingen som tør å stå opp no og kjempe for likeverd og samhald i Ulstein kommune?

Sjølvgodheit, egoisme og dansen rundt gullkalven er svært stor i vår kommune. Og «venners venner» handlar og leikar med kvarandre både i arbeid og fritid.

Eg skulle gjerne prøvd å jobbe litt ekstra om det var mogleg å få arbeid, og eg lovar og ikkje syte allereie på torsdag over kor trist og gåen eg er før «after work»-samlinga på fredag!

Denne fortvilelsen sender eg no anonymt fordi det vil øydelegge oss heilt om eg står fram med namn.

Og einaste politikaren eg stolar på er Hannelore Maaseide!

Men kjem det noko ut av dette?

FORTVILT FORSØRGAR I GULLSTEIN