Opnar for motorisert ferdsel i Snipsøyrvatnet

Men etter merknad frå Fylkesmannen blir det ikkje opna for motorisert ferdsel i nordenden av vatnet, der det er naturreservat.

Snipsøyrvatnet: Hareid kommune vil no opne for motorisert ferdsel på Snipsøyrvatnet, men køyretøya får ikkje køyre fortare enn 5 knop.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

I dag, tysdag, skal Næring- og miljøutvalet handsame lokal forskrift om motorferdsel i vassdrag. Med vassdrag meiner ein opne og islagde elvar, bekkar og innsjøar. Den nye forskrifta vil opne for motorferdsel i båt i vassdrag som er større enn 2 kvm i Hareid, for båt med elektromotor med oppgitt skyvekraft på maksimalt 245 N (25 kp).