Ekstra kommunal støtte til Hødd fotball

Hødd fotball opmodar Ulstein kommune til å gje ei årleg driftsstøtte på 100 000 kroner til undervarmeanlegg. Dei meiner det er viktig at anlegget blir tatt i bruk for å sikre teknisk funksjonalitet og anleggsverdig og førebyggje skadar på røyr.  

Nyhende

Hødd Fotball har vendt seg til Ulstein kommune for å høyre om det er mogleg å få ekstra økonomisk støtte. Klubben er inne i ei vanskeleg tid og slit med inntektene. Dei får færre kroner inn i sponsormidlar, og dei får færre inntekter på kampane.

Rådmannen foreslår at klubben skal betale 300 000 kroner mindre i rentekostnader til Ulstein kommune, noko som gir kommunen ei tilsvarande utgift. Grunnlaget for reduksjonen er vesentleg svekka inntektsgrunnlag i 2018 på sal av reklame.

Hødd har også søkt om å få auka løyving til vedlikehald (100 000 kr) og undervarmeanlegg (100 000 kr). Men det vil ikkje rådmannen rå til at kommunen betaler.

Levekårsutvalet skal handsame denne saka onsdag 3. oktober, før ho går vidare til formannskapet og kommunestyret. I framlegget til vedtek foreslår rådmannen at kompenasasjon for auka driftskostnader ved det nye Høddvoll stadion blir å diskutere i ei reforhandling av driftsavtalen. ulstein kommune ved kulturavdelinga tar initiativ til eit slikt møte med sikte på å få på plass ei reforhandla og vedtatt avtale innan 1. januar 2019. Kostnader knytt til undervarme er ikkje grunnlag for reforhandling, skriv han.

Gjennom dette vedtaket vil kommunen støtte breiddedelen av Hødd sin aktivitet i størst mogleg grad i omstillingsfasen.


Denne støtta er utanom støtte til jubileet til IL Hødd.