Flytting av Snoezelen

Knapt fleirtal for flytting

Eldar Knotten, leiar i levekårsutvalet, hadde i fellesskap med ordførar Knut Erik Engh laga ei skisse for kva ombyggingar dei meiner at Holsekerdalen 24 må gjennom. – Dette er meint som eit kompromiss, kommenterte Knotten.

Eiga skisse: Eldar Knotten og Knut Erik Engh har laga ei skisse til korleis ein kan byggje opp lokala i Holsekerdalen 24 så dei blir tenlege for båe brukargruppene av snoezelen. No ønskjer dei innspel på skissa, fram til fristen går ut 10. oktober. Det vart knapt fleirtal i levekårsutvalet for denne skissa (5-4). Fire røysta for at snoezelen skal få halde fram på Reiten. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Knotten var ikkje fornøgd med dei skissene som var med sakspapira til møtet, det eine frå pedagogisk tilsette ved Ulstein kompetansesenter, det andre frå rådmannen. For å imøtekome brukarane og pårørande til dei som nyttar Snoezelen på Ulstein kompetansesenter (Reiten) vil dei gjennomføre ein del endringar i Holsekerdalen 24. Kostnadene for ombygginga vil vere 200 000, dette hadde dei fått sjekka opp med Ulstein Eigedomsselskap KF.

Knotten sa at dette var ei sak dei har brukt mykje tid på, no byrjar det å bli tid for å konkludere.