Skal kåre «Årets lærling»

– Kven er den dyktigaste lærlingen i fylket? spør Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Årets Lærlig: No skal den dyktigaste lærlingen i Møre og Romsdal kårast. Det er 2500 potensielle kandidatar til prisen. Illustrasjon  Foto: Illustrasjon

Nyhende

For første gong skal «Årets lærling» kårast i Møre og Romsdal.

Prisen skal delast ut i mars 2019 og fylkeskommunen, som står bak kåringa, er no på jakt etter fleire kandidatar mellom dei 2500 lærlingane i fylket.

– Her reknar vi med at det vert sterk konkurranse! Men vinnaren må vere fagleg dyktig og ha ei rekke gode eigenskapar som er viktige for faget. Juryen må gjere ei grundig vurdering av kandidaten som fagperson, seier rådgjevar ved Møre og Romsdal Fylkeskommune si undervisningsavdeling, Åse Riksfjord, på fylkeskommunen sine nettsider.

Næringslivet treng fagfolk

– Det er eit skrikande behov for fagfolk i arbeidslivet, og vi ønskjer å løfte fram fag- og yrkesopplæringa. Vi ønskjer å gjere stas på dyktige lærlingar og vise fram kor viktige dei er for arbeidslivet vårt, seier Riksfjord.

For å vere aktuell til prisen «Årets lærling» vert følgjande kriteria lagde til grunn:

Ei særs godt gjennomført fag- eller sveineprøve med fagleg kunnskapar og ferdigheiter utanom det vanlege.

Positive eigenskapar som handlag, nøyaktigheit, flid, effektivitet, ressursutnytting og orden.

Juryen består av medlemmar frå utdanningsavdelinga i fylkeskommunen. Prisen vert delt ut av yrkesopplæringsnemnda på lærlingsamling i mars.

For «Årets lærling» ventar det ein pengesum på 10.000 kroner, blomar og diplom. Blomar og diplom får også lærebedrifta til prisvinnaren.

Både prøvenemnder, opplæringskontor og lærebedrifter kan melde inn forslag til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune innan 31. desember, opplyser utdanningsavdelinga.