– Det skjer mykje spanande utvikling

Hjørungavågaren Marcus Olav Bårslett Hansen har sett seg eit mål om å gjere huset sitt, som var ferdigbygd i 1959, så energieffektivt som mogleg.
Nyhende

Den tidlegare eigaren av huset i Bautevegen i Hjørungavåg var Kari Hansen, bestemor til Marcus. Ho døydde i fjor, og i april i år kjøpte Marcus huset av far sin. No har han snart heile nærmaste familien i nabolaget, med foreldra og to brør i tre av nabohusa i byggjefeltet.

Då Vikebladet Vestposten var på besøk hos Marcus nyleg, fekk underteikna eit innblikk i prosessen med å renovere det 180 kvadratmeter store huset, som var nybygd i 1959. For det er ikkje berre, berre det elektromontøren, som til dagleg jobbar med smarte og innovative løysingar i Hareid Group-selskapet HG Elektro, har planar om å gjere.