– Solceller er ikkje berre for solrike Spania

Det viser seg at det er mogleg å produsere godt med fornybar solenergi, sjølv på vêrharde Søre Sunnmøre. Klar Energy på Hareid ser at fleire og fleire privatpersonar no investerer i solcellepanel på taka sine.

Nøgd: Ragnar Moe Tafjord er dagleg leiar i Klar Energy, eit dotterselskap i Hareid Group. Han fortel at selskapet opplever god vekst, også blant privatpersonar. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

– Vi har gode erfaringar til no med dei anlegga vi har sett i drift. Det er driftssikre anlegg, med låge servicebehov. Installasjonane blir tilpassa det tøffe klimaet i regionen. Vi har sjølvsagt stort fokus på å levere robuste panel med glas til glas (to glas i staden for eitt), som er festa godt. Solceller er ikkje berre for solrike Spania, seier dagleg leiar i Klar Energy, Ragnar Moe Tafjord.