Fem køyrde for fort

Nyhende

Politiet har søndag føremiddag gjennomført ein trafikkontroll på fylkesveg 61 i Ulsteinvik. Fokuset for kontrollen var promille og fart, melder politiet.

15 bilførarar var kontrollerte for promille, men det var ingen av desse kontrollane som førte til reaksjonar.

Fem personar måtte derimot ta imot forenkla førelegg på grunn av for høg fart i 70-sone. Ifølgje politiet var høgste farta dei målte 85 km/t i 70-sona.