Økonomianalyse for Ulstein kommune

Billeg omsorg i Ulstein

– Det er ikkje lett å finne gode samanlikningskommunar for Ulstein, sidan Ulstein har gode tenester og låge utgifter, skriv Bjørn A. Brox i Agenda Kaupang AS.

Økonomi: Økonomileiar Steinar Nummedal røpte litt frå økonomianalysen frå Agenada Kaupang AS då han førre veke orienterte teknisk utval om tertialrapporten. (arkivfoto)  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

På oppdrag frå Ulstein kommune har Agenda Kaupang AS laga ein økonomianalyse basert på rekneskapen for 2017. Rapporten blir lagt fram for formannskap og kommunestyre som eit grunnlag for prioritering av ressursar for budsjett 2019 og økonomiplan 2019–2022.