Utsett språkdelt ungdomsskule:

Mållaget er skuffa

Noregs Mållag saknar ei avklaring om språkdelt ungdomsskule i framlegget til statsbudsjett for 2019.

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.   Foto: Noregs Mållag.

Nyhende

(NPK): Bakgrunnen er at Stortinget i 2016 bad regjeringa vurdere ulike tiltak som kan sikre elevar i ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyre til i ei eiga målformgruppe. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) har lovd Stortinget ei avklaring om dette i statsbudsjettet.

I budsjettforslaget for 2019 er departementet innstilte på å utvide dei lovfesta rettane til å opplæring i eige hovudmål i barneskulen til òg å gjelde i ungdomsskulen. Men departementet er usikker på kostnadene ved å opne for språkdelte ungdomsskular og utset derfor saka til budsjettframlegget for 2020.

Det er ikkje godt nok, meiner leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

– Vi er glade for at det blir lovd ei lovendring, men hadde håpt at denne regjeringa ville gjort meir for å sikre alle elevar rett til opplæring på eige språk ut grunnskulen, seier Aasbrenn.

At desse elevane i dag i stor grad får opplæring på bokmål, gjer dei ikkje til trygge nynorskbrukarar, meiner Mållaget.