– Det er svært viktig at vi i Hareid kommune tek godt vare på lærarane våre

Marit Øien Sæverud vil vite kva kommunen gjer for å ta vare på lærarane. (arkivfoto)  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Kommunestyremedlem Marit Øien Sæverud (Kristeleg Folkeparti) har sendt inn eit grunngjeve spørsmål til Hareid kommunestyre 18.10.18.

Sæverud vil vite kva dei ulike skulane i Hareid gjer for å følgje opp nyutdanna lærarar. Ho viser til at ein del nyutdanna lærarar fell ifrå. Kan det vere ein idé å innføre mentorordning? Og kva bli gjort for at senioelærarane skal halde ut? Og for at rektorane skal kjenne seg verdsett?

Heile spørsmålet frå representant Sæverud:

Dette spørsmålet er med utgangspunkt i kvalitetsplanen for god oppvekst i Hareid kommune 2016-2020: LÆRING OG OMSORG, og handlar mest om at det er svært viktig at vi i Hareid kommune tek godt vare på lærarane våre. Vi veit at mange nyutdanna lærarar sluttar etter kort tid - fordi kvardagen i skulen er så tøff.

Utdanningsdirektoratet peikar på følgjande kjenneteikn på ein lærande organisasjon:

• Ein velfungerande organisasjon der dei tilsette kjenner at dei er del av eit fellesskap med motiverande mål

• Høgt ambisjonsnivå og høge forventningar til å bruke kompetansen i kollegiet/eininga

• …mykje kvardagslæring, god samhandling og lett å få hjelp av kollegaer

Mål for arbeidsprosessar i oppvekstsektoren i Hareid:

• …må reflektere jamleg over eigen praksis for å utvikle kvalitet

• Pedagogane har ansvar for tydeleg læringsleiing, og synleggjere fagleg, administrativ og pedagogisk leiing

• Leiinga i eininga har ansvar for tydeleg fagleg, administrativ og pedagogisk leiing

• Leiarobservasjon og rettleiing

Mange stadar har kommunen/skular mentorordningar for nyutdanna lærarar. Spørsmålet mitt gjeld heilt konkret:

• Kva gjer dei ulike skulane i Hareid kommune for å følgje opp nyutdanna lærarar? Viss det ikkje eksiterer ei mentorordning i skulane, oppmodar eg om at sektorleiar for læring og kultur arbeider for å få til ei slik ordning.

• Kva gjer dei ulike skulane for å legge til rette for at seniorlærarane skal stå i det store trykket det inneber å arbeide i dagens skule?

• Kva vert gjort for at einingsleiarane/rektorane skal oppleve seg verdsette i kvardagen i lys av sine utfordringar?

• Kva tiltak er sette i gang - i den nye sektoren for læring og kultur - for å flette fleire kulturar saman til eit fellesskap med motiverande mål?


Marit Øien Sæverud

kommunestyrerepresentant for Hareid KrF