Demensaksjonen takkar for pengane

Hareid sitt damelag var med å samle inn pengar til Demensaksjonen.  Foto: privat

Nyhende

Tusen takk!

Demensaksjonen 2018 - 17.-23. september er vel overstått. Vi i Ytre Søre Sunnmøre demensforening ønsker å gi ei stor takk til alle som gjorde sitt til  at aksjonen vart vellykka i våre kommuner også i år.

Vi vil først og fremst takke alle dei som ga pengar til dei mange som kom med bøssene. Det vart samla inn kr. 47 000;- i Hareid kommune  og kr. 78 369,-  i Ulstein kommune.  Dette er midlar som kjem svært godt med i det vidare arbeidet på dette viktige området.

Vi vil også rette ein stor takk til alle frivillige som var bøsseberarar!  Uten dykk hadde det ikkje  vore mogeleg å få eit slik resultat!

Vi vil også takke alle dei som bidro til at korkonserten i Syvde kyrkje vart ei flott oppleving for alle oss som var til stades.

Og til slutt vil vi også takke dei som har Vippsa penger til aksjonen.

Mvh

Ytre Søre Sunnmøre demensforening.



Vil hjelpe demensaksjonen

10.klassingar ved Hareid ungdomsskule ønskjer å samle inn pengar til demensaksjonen.