Oppussinga av Hareid rådhus

Folkelista vil ha svar på fleire spørsmål

Folkelista stiller spørsmålsteikn ved om alle oppgraderingane på Hareid rådhus er søknadspliktige, i så fall vil dei sjå dokumentasjon på det. Dei meiner det er betre med ei trinnvis oppgradering, så blir utgiftene også meir overkomelege for kommuneøkonomien.

Hareid rådhus: Hareid rådhus har stått tomt i snart eit år. Folkelista meiner det er betre å ta oppussinga stegvis, så ein ikkje veltar heile kommuneøkonomien på prosjektet. Foto: Ingvild Aursøy Måseide  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Førre veke sende Bernt Brandal, på vegner av Folkelista, eit langt brev til Hareid kommune ved rådmannen om prosessen med renovering/oppgradering av Hareid rådhus.