Ishavs-delegasjon på Tinget

Nyhende

Tysdag var ein delegasjon frå Hareid på besøk på Stortinget. Det var ordførar Anders Riise, Willy Nesset og Annika Brandal. Nesset er leiar i komiteen som arbeider for at Ishavsmuseet Aarvak i Brandal skal bli nasjonalt dokumentasjonssenter for polar historie. Brandal var med som styremedlem i Ishavsmuseet og som Venstre-politikar.

Trioen hadde møte med Grunde Kreken Almeland (Venstre) som sit i kulturkomiteen og Svein Harberg (Høgre) som er tidlegare leiar i komiteen. Harberg har vitja Ishavsmuseet fleire gonger, mellom anna var det han som stod for avdukinga av statuen av Peter S. Brandal. Den gongen lovde han at han vil jobbe for at Ishavsmuseet får den anerkjenninga nasjonalt som dei fortener.

Så Harberg kjenner museet godt, men for Almeland var det første "møte".

All dokumentasjon på Ishavsmuseet må sikrast, og målet er å få etablert eit nasjonalt dokumentasjonssenter, fortel Brandal til Vikebladet Vestposten. På møtet nytta dei høvet til å fortelje om dette til Almeland og Idun Helle, som er Almeland sin rådgjevar.

Willy Nesset og Webjørn Landmark har også tidlegare hatt møte med ein del sentrale politikarar om dette temaet.