God aktivitet igjen ved Pelagia Liavåg, men:

Makrell-sesongen byrja tre veker etter skjema i haust

Ved Pelagia Liavåg går samlebanda no for fullt igjen, etter nokre labre sommarmånadar. Makrellen er endeleg komen – tre veker på overtid. No ser fabrikksjef Rune Hoddevik fram til vinteren.

God fangst: Produksjonsleiar Reno Dimmen held her ei korg med fersk makrell frå den kombinerte ringnotbåten og pelagiske trålaren Magnarson. – Makrellsesongen er kraftig forseinka i år, men no har den endeleg starta, fortel Dimmen til Vikebladet Vestposten. Alle foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

– Etter forholda går det greitt no. Vi hadde ein veldig god vintersesong sist, etterfølgt av ein dårleg sommarsesong, spesielt på nordsjøsild. Det var lite sild som blei ført nord om Stad, sett i forhold til kva vi hadde sett føre oss. Vanskelege fangstforhold og at det som båtane fekk tak i blei tatt inn lenger sør gjorde at det blei ein nok så skuffande sommar for oss, seier fabrikksjef ved Pelagia Liavåg, Rune Hoddevik.