Regjeringa vil ha meir kunnskap om havet

Regjeringa vil ha meir kunnskap om helsa til havet, og foreslår å løyve 30 millionar kroner til ei havsatsing i budsjettet for 2019.

Regjeringa vil vite korleis det står til med livet i havet. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

– Eitt av berekraftsmåla til FN er å bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp).

Satsinga på havhelse skal bidra til meir kunnskap om havet, slik at regjeringa kan leggje til rette for god forvalting, lønsemd og vekst i næringa.

Forskarar skal nytte nye og meir effektive metodar for prøvetaking og analysar for å sjå på endringar som følgje av forureining, smitterisiko knytt til havbruk, samspelet mellom bestandane i havet og effekten av nano- og mikroplast.

– Med regjeringa si havsatsing vil vi bidra til å realisere verdiskapingspotensialet i havet gjennom berekraftig vekst, seier Nesvik.