Sparebanken Møre deler ut 175.000 kroner til eit godt formål både i Hareid og Ulstein:

Ønskjer fleire lokale forslag

Sparebanken Møre feirar 175 år, og ønskjer i høve jubileet å gi 175.000 kroner til eit godt formål i alle dei kommunane der lokalbanken held til – inkludert Hareid og Ulstein. Nominasjonsperioden varer til 25. oktober.

Delar ut pengar til gode formål Ellen Kvalsund (t.v.) og Melinda Skeide, avdelingsbanksjefane for personmarknaden i høvesvis Ulstein og Hareid, håper dei får inn mange gode forslag på gode formål som fortener støtte.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Sparebanken Møre har røter heilt tilbake til 1843, då Herrøe og Røvde Sognes Sparebank blei etablert. Dette var ein av mange sparebankar som vaks fram rundt midten av 1800-talet i Norge. Felles for fleire av desse var at oppstartskapitalen kom frå sal av såkornmagasin. Når bankane fekk overskot gjekk dette tilbake til bankane for å bygge opp kapitalen. Desse midlane utgjer i dag halvparten av kapitalen, noko som betyr at lokalsamfunna der banken held til eig halvparten av banken.

Jubileumsgåve

I dag har banken lokalkontor i 24 av kommunane i Møre og Romsdal, og det har med tida blitt etablert ein tradisjon for å gi delar av overskotet u utbyte, i form av gåver til gode formål i nettopp lokalsamfunnet.

Det som gjer akkurat denne gåva spesiell, er at lokalbanken fyller 175 år i år, og at nettopp 175.000 kroner skal delast ut frå kvart enkelt av dei 24 lokalkontora, totalt 4,2 millionar kroner.

Ønskjer fleire lokale forslag

Vikebladet Vestposten møtte onsdag banksjefane for personmarknaden ved avdelingane i Hareid og Ulstein til ein prat. Melinda Skeide og Ellen Kvalsund fortel at Sparebanken Møre i høve 175-årsjubileet ønskjer å takke for tilliten ved å gi noko ekstra tilbake.

– Det opplevast svært meiningsfylt å kunne vere ein betydeleg bidragsytar, ei drivande kraft og ein medspelar i utviklinga av det samfunnet vi er ein del av, seier Skeide og Kvalsund.

Banken ber no om hjelp frå folk i Ulstein og Hareid om å spele inn forslag kring gode prosjekt som utgjer ein forskjell i kvar av kommunane.

– Ein finn meir informasjon og forslagsskjema på våre nettsider sbm.no. Vi veit det finnast mange gode tankar, idear og prosjekt i Hareid og Ulstein, og vi gler oss veldig til å lese alle forslaga som kjem inn, seier dei to.

Banksjefane skal vurdere og velje ut eitt forslag for kvar kommune saman med lokale juryar.

Vinnaren i kvar kommune blir offentleggjort i november/desember.