Kuttar breibandstøtte, satsar på 5G-nett

Regjeringa foreslår å redusere tilskota til utbygging av breiband i grisgrendte strøk frå 149,7 millionar til 99,8 millionar kroner i framlegget til statsbudsjett for 2019. I staden skal pengane brukast til utbygging av mobilt breiband.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) vil heller bruke pengar på det framtidige mobile breibandsnettet 5G enn tilskot til breibandutbygging i grisgrendte strøk.   Foto: Terje Pedersen/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): I ein ny post i statsbudsjettet foreslår regjeringa i staden å setje av 150 millionar kroner til satsinga på utbygging av 5G-nettet, den neste generasjonen av mobilnett, skriv Nationen.

– 5G-nettet er framtidas mobilnett, som gjer det mogleg å ta i bruk ny teknologi på ein ny måte. 5G blir viktig for transport, særleg med tanke på autonome køyretøy. Derfor ønskjer vi heller å frigjere midlar til satsing på 5G-nettet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) til avisa.

Dermed blir det 50 millionar kroner mindre til utbygging av breiband der det ikkje er kommersielt lønnsamt, stadfestar Dale.

Dale peikar likevel på at privat sektor i dag bruker 8,3 milliardar kroner i året på breibandsnett over heile landet. Han meiner dessutan det er viktigare å leggje til rette for å få ned utbyggingskostnadene enn å løyve meir pengar til ordninga, mellom anna gjennom leidningsforskrifta.

Endringane i leidningsforskrifta som kom ved årsskiftet, er meint å få ned utbyggingskostnadene, slik at det skal bli meir attraktivt å satse på utbygging av breiband.

– Det viktigaste er å gjere det som verkar. Og det som verkar er å få kommunane til å bruke den nye leidningsforskrifta, og at fleire skaffar seg breiband frå den private marknaden, slik dei som allereie har høgfartsbreiband, allereie har gjort, seier Dale.

Den årlege dekningsrapporten frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) viser at 94 prosent av dei som bur i tettbygde strøk no har breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s. I spreidtbygde strøk er derimot dekningsprosenten så låg som 34.

Regjeringa har som mål at 90 prosent av husstandane i Noreg skal ha høgfartsbreiband innan 2020.