Nok vatn til straumproduksjonen i vinter

Vassmagasina som skal sikre straumproduksjonen til vinteren, er i ferd med å fyllast opp. Dermed er frykta for straumkrise etter rekordsommaren over.

Vassmagasina som skal sikre straumproduksjonen til vinteren, er i ferd med å fyllast opp.  Foto: Illustrasjon/Statkraft.

Nyhende

(NPK-NTB): – Eg er glad for at vi hadde ein god sommar, men vi som jobbar med dette, vart glade då vi såg alt regnet også. Sett under eitt, ser det veldig bra ut for forsyningssikkerheita, seier Ole Bengt Eliassen, som følgjer kraftsituasjonen ved Statnetts landssentral.

Den rekordtørre sommaren førte til at regnet som vanlegvis fyller opp lagera til norske vasskraftverk, ikkje kom, og at ein del av snøen som til vanleg smeltar og renn ned i magasina, fordampa.

I slutten av juli var det difor eit underskot på vatn i magasina på nær 30 terawattimar, noko som svarar til ein firedel av Noregs totale årlege straumforbruk.

Men så kom regnet i august, og endå meir i september. August var den nest våtaste månaden nokosinne, og september den fjerde våtaste. Og no er situasjonen tilnærma normal, melder Statnett.