Ny prislapp på renovering av Hareid rådhus

Nyhende

Hareid kommune har frå før løyvd 11,5 millionar kroner til renovering av Hareid rådhus. På formannskapsmøtet i dag kom det opp at prislappen no var kome opp i over 37 millionar, så rådmannen rådde politikarane til å løyve 26 millionar ekstra.

No har renoveringa vore ute på anbod, og dei har forhandla med tilbydarane. Firmaet som visstnok er mest aktuell for jobben har varsla at dei ikkje vil jobbe med folk i bygget. og det vart også sagt at kommunen bør ta alt på ein gong av renovering, det er mest rasjonelt og føremålstenleg.