Stengjer Bakkegata

Det blir vassutkopling og stengt for gjennomkøyring i Bakkegata torsdag.  

Nyhende

Torsdag 11. oktober blir det vassutkopling i vestre del av Bakkegata i Ulsteinvik frå morgonen av. Det melder Ulstein kommune på sine nettsider. Bakgrunnen fo vassutkoplinga er at det skal settast ned ein ny kum i vegen.

I tillegg blir gata stengt for gjennomkøyring og heilt sperra ved kryss mot Brunevegen, skriv kommunen på sine nettsider.