Christine er Hareids første kulturkonsulent

Christine Riise Øvrelid har flytta inn på kulturkontoret i Hareid kommune. No frir ho til ungdommen.

GLAD: Christine Riise Øvrelid fekk jobben som kulturkonsulent i tevling med 26 andre søkjarar.  Foto: Sondre Åkervik

Nyhende

Christine Riise Øvrelid tar imot Vikebladet/Vestposten i bygget til Hareid Elektriske, det mellombelse rådhuset til Hareid kommune. Førre måndag tok Øvrelid til som kulturkonsulent og «erstattar» med det den gamle kultursjefen, Oddbjørn Grimstad, som slutta i fjor sommar.