Statistar til Heimebane

Skatarar og fotballspelarar

Statistansvarleg Thale Espenes er på jakt etter ungdomar som kan skate og unge menn som kan spele fotball.

Skatarar: Motlys er på leit etter jenter og gutar på 13–14 år som meistrar eit rullebrett. Dei treng seks ungdomar til å vere med i ein scene i lag med Michael Ellingsen (John Carew). Arkivfoto  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

På grunn av vêret er scenen med skatarane flytta frå førstkomande laurdag til fredag neste veke (19. oktober).

Ho søkjer etter gutar og jenter som kan delta i ein scene saman med Michael Ellingsen (John Carew), og skate på ein skaterampe. Det er ikkje krav til spesielle ferdigheiter, men du må ha kontroll på brettet. Skatarane skal danne eit bakteppe til ein dialogscene. Dei ønskjer seg seks ungdomar i 13-14-årsalderen. Nokre skal skate, andre sitje og heng, så det kan gjerne vere ein venegjeng.

Sidan ungdomane er under 18 år, ønskje Espenes å kome i kontakt med føresette. Dei kan sende inn bilete av son/dotter, og eigen kontaktinfo til statist.heimebane@gmail.com. Merk e-posten «Skatarar».

Innspelinga vil gå føre seg på dagtid.

Fotballspelar-statistar

Dei er også på jakt etter fleire fotballspelar-statistar til både Varg IL og eit motstandarlag dei skal møte på Høddvoll.

Her vil ho ha menn mellom 18 og 30 år som har grunnleggande fotballferdigheiter. Dei skal mellom anna filme ein treningssituasjon, og opptaka vil gå føre seg onsdag 17. oktober, frø føremiddagen og ut på kvelden. Det blir også filming heile torsdagen. Og på dagtid måndag 22. oktober. Oppdraget vil bli honorert etter avtale.

Espenes seier at det er inga føresetnad at du kan vere med alle tre dagane, sjølv om det er ønskjeleg, men dei vil prioritere dei som kan vere med fleire dagar.

Om du er interessert og har høve til å setje av tid, kan du ta kontakt med Thale Espenes på statist.heimebane@gmail.com. Send henne namn, alder, kontaktinfo, nytt bilete og nokre korte setningar om eigne fotballferdigheiter/-nivå. Merk gjerne brevet «Fotballspelar Ulsteinvik».

Ferjepassasjerar, supporterar og journalistar

Espenes er også i full gang å caste ferjepassasjerar til opptak fredag 12. oktober, supporterar til opptak onsdag 17. oktober og journalistar til opptak 22. oktober. – Dette blir siste runde med filming her i Ulsteinvik i sesong 2, som om du har lyst til å bidra og er ledig på dagtid ein av desse dagane, er det berre å kontakte meg på e-post, seier Espenes. Ho har diverre berre kapasitet til å svare dei som er aktuelle.