Laurdag syng Bergen Shantykor i Hareidhallen

Konsert: Laurdag vert det konsert med Bergen Shantykor. 

Nyhende

Bergen Shantykor har plukka ut ein flott bukett sjømannssongar, irske viser, køntrylåtar og andre songar, og bunde dei saman med ramsalte, lattermilde, triste, rare og tankefulle tekstar og sketsjar i sin nye konsert "Take me home".

I tillegg til koret sine femten solistar har vi valt å samarbeide med Marianne Riise og Renate Hjelvik som er med på mellom¬tekster, sketsjar og som solistar. Vidare har vi eit flott orkester: Bjørn Breilid, Sturle Andersen, Håvard Reiten og Anders Linge Breilid.

Songane og melodiane som vert brukt er arrangert og tilpassa Bergen Shantykor av dirigenten/pianisten vår; Helge Riise. Løys trossene og ver med på ein seilas i skjemt og alvor, storm og stille, verda rundt!