– Det beste reinhaldsverket i landet

SSR: Ein del av deltakarane på møtet i Ulstein Historielag i Saunesmarka har samla i den gamle sorteringshallen.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Sist torsdag arrangerte Ulstein Historielag ope møte på Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) i Saunesmarka. Møtet vart halde i undervisningslokala i det nye administrasjonsbygget og var svært interessant og lærerikt. Dagleg leiar i SSR, Einar Heimdal, fortalde historia til selskapet. Frå den tida folk kvitta seg med avfall overalt i naturen, til den spede start på organisert avfallshandtering med opprettinga av Fløstranda avfallsplass i 1948. Første renovasjonsbilen vart kjøpt i fellesskap av Hareid kommune og Ulstein kommune i 1979. SSR vart skipa i 1980. Dei første 15 åra var administrasjonen lagt til Ulstein kommune, med teknisk sjef , Elling Indresøvde, som dagleg leiar. I 1996 fekk selskapet eigen administrasjon og eige administrasjonsbygg i Saunesmarka, og Peder Almedal vart tilsett som dagleg leiar. Han sat i denne stillinga fram til 2008, då Einar Heimdal tok over. Det må også nemnast at Bård Vikanes var styreleiar i SSR i 4 valperiodar, frå 1988 til 2003.

I 1980 bestemte SSR seg for å satse på å brenne avfallet. Det vart bygt forbrenninganlegg i Saunesmarka, og anlegget vart sett i drift i januar i 1981. Forbrenningsanlegget fekk store driftsproblem og vart lagt ned i januar i 1990. Anlegget var levert av Thune -Eureka, og i kontrakten sto det at anlegget skulle innfri alle miljøkrav som Statens Forurensingstilsyn hadde stilt. Desse krava greidde aldri Thune-Eureka å innfri, trass i mykje garantiarbeid. Den gode kontrakten gjorde at SSR kom godt frå det økonomisk då forbrenningsanlegget vart lagt ned. Etter nedlegginga vart hushaldningsavfallet levert til Ålesund forbrenningsanlegg, som seinare fekk namnet Tafjord Kraftvarme.

Restavfallsplassen på Eidet var klar i 1995, med eit andre byggesteg som stod ferdig i 1998. Tvungen slamtøming vart innført i 1999. Vidare vart det på 1990-talet innført innsamlingsordning for plast og drikkekartong, og det vart sett i gang oppbygging og drift av mottaksplassar for gras og greiner. Frå 1990 og fram til 1996 vart sortert papp og papir levert til Peterson Sykkylven. Då vart Sunnmøre Gjenvinning etablert, og SSR sin leveranse av papp og papir vart overført dit. Det nye og moderne sorteringsanlegget for avfall sto ferdig i Saunesmarka i 1998. SSR hadde kontrakt med Plastretur i perioden 1999 - 2005. Store deler av Noreg sende i denne perioden plasten til Ulsteinvik for sortering.

I 2011 starta innhentinga av plastemballasje i eigne sekkar, og i 2012 endra ein hentefrekvensen for restavfallet (grønedunken) frå kvar veke til kvar 14. dag. I 2012 var SSR lokal initiativtakar til Strandryddedagen. I 2013 vart det innføring av ordninga med heimekompostering, for dei som ville satse på dette. SSR er eit interkommunalt selskap, og i 2016 var den nye miljøstasjonen på Mjølstadneset i Herøy ferdig, og i 2017 var det opning av nye miljøstasjonar i Ulsteinvik og i Myklebustmyrane i Sande. I desse dagar blir del 2 av utbygginga i Saunesmarka ferdig. Byggesteg 2 omfattar nytt mottak for restavfall og matavfall, og ligg der forbrenningsanlegget låg. Vidare er der garasjer og verkstad for bilparken til SSR, og eit spesialmottak for farleg avfall. Med den siste utbygginga i Saunesmarka, er det no investert 53 million kroner og anlegget dekker 35 mål, og det har blitt ein av dei mest moderne miljøstasjonane i landet. Driftssjef Tarberg tok med seg møtelyden på ei interessant omvisning på heile anlegget.

Det kan vere av allmenn interesse å referere det som vart sagt om avfallsmengder pr. kunde i SSR i 2017: treverk 8 kg, papp og papir (blådunken) 58 kg, restavfall (grønedunken) 150 kg, kompost 1,6 kg, grovavfall 36 kg, el-avfall 8 kg, plastemballasje 9 kg, farleg avfall 11 kg, glas og metallemballasje 13 kg, metall 12 kg, grein- og hageavfall 48 kg, deponi 7 kg og bildekk 1 kg. Avfall pr. innbyggar i SSR sitt område i 2017 var 363 kg.

På møtet vart det servert sveler og kaffi. Einar Heimdal hadde laga ein quiz om avfall. Quizen var vunnen av Brita Waage, med Erling Ove Flø på 2. plass og Andreas Ringstad på 3.plass.