Det er nokre tema det framleis er vanskeleg å snakke om

Leiarkommentar om sjølvmord.

  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Det er nokre tema det framleis er vanskeleg å snakke om. I dagens avis skriv vi om sjølvmord. Sidan 2012 har minst 26 menneske teke livet sitt på Søre Sunnmøre. Det er ei heil skuleklasse. Både helsevesen og presteskap uttrykkjer uro, spesielt fordi mange av dei døde er unge menneske.

Mange familiar på Søre Sunnmøre er ramma. Ingen av dei vi har snakka med ønskjer å fortelje offentleg om den børa det er å miste nokon i sjølvmord. Dei kjenner skam og skuld, fortel dei.

På landsbasis ved mellom 500 og 600 menneske årleg ein frivillig død. Heldigvis blir det snakka meir om temaet, mellom anna takka vere kjendisar som Else Kåss Furuseth og Lene Marlin. «Når livet er vanskeleg, så brukar ein mykje kraft og energi på å skjule det. Så eg ønskjer at det skal verte lettare å seie det og at vi andre må bry oss», sa Furuseth då Verdsdagen for psykisk helse vart markert i september.

I ingen dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, som kallar seg Sjustjerna, har dette temaet vore behandla politisk. Men alle kommunar har eit hjelpeapparat og dei driv mykje bra førebyggande arbeid. Sjustjerna Helse og Omsorg diskuterte temaet i vår. «Vi ønskjer at dette også må bli jobba med på kommunalt nivå», seier prosten på søre. Ho foreslår ein felles fagdag for presteskapet og kommunane.

No bør også politikarane snakke saman. Viss dødstala gjaldt trafikkulukker, tippar vi at det hadde ført til diskusjonar også i politiske forum om trafikktrygging, førebygging og meir pengar frå staten.

Det er vanskeleg å snakke om sjølvmord. Nettopp difor bør vi snakke meir om det. For det er berre openheit som kan redusere og helst fjerne eit tabu.