Ingeniørkunstnaren

Han er ingeniøren som tok fatt på kunstutdanninga som 64-åring. Rudolf Overå (85) er årets stemnekunstnar.

E=MC2: Den vidgjetne formelen til Albert Einstein er noko av det årets stemnekunstnar har billedgjort.  Foto: Sondre Åkervik

Nyhende

Inne i lokalet til Hareid Kunstlag er det hektisk aktivitet denne dagen. Årets festivalkunstnar for Hareidsstemna har akkurat kome frå Sverige med ferske måleri. Odd Goksøyr i kunstlaget går rundt med gardintrapp for å få kunsten til Rudolf Overå opp på veggane. I dag opnar utstillinga.

Einstein som kunst

Stemnekunstnaren er ikkje som andre 85-åringar. Saman med kona har han køyrd heile vegen frå heimstaden i Sør-Sverige med eigne måleri i bagasjerommet.