Nynorske læremiddel og leirskule

Ranja Dimmen Alme (Folkelista) har levert to interpellasjonar til neste kommunestyremøte.

Ranja Dimmen Alme har to interpellasjonar til neste kommunestyremøte på Hareid. (arkivfoto)  Foto: Beate Muren

Nyhende

Alme foreslår at kommunestyret vedtar å innføre strengare krav til innkjøp av digitale læremiddel. Hareid kommune vil ikkje gå til innkjøp av læremiddel som ikkje finst på nynorsk. Hareid kommune vil gjere det tydeleg overfor tilbydarar av digitale læringsressursar at kommunen ikkje gjer innkjøp av læremiddel som berre finst på bokmål eller engelsk.

Elles viser ho til at alle elevar frå neste år har lovfesta rett til gratis leirskule, med minimum tre overnattingar.

Alme foreslår at områdeleiar for oppvekst tar kontakt med rektorar og FAU for å diskutere dette og at rådmann set av pengar i budsjettet.