Bylivkonferansen i Ulsteinvik:

– Eit eksempel til etterfølging

Onsdag gjekk startskotet for årets Bylivkonferanse, som i år var lagt til Ulstein. Konferansen opna med innlegg frå ordføraren og ein samtale knytt til kva kommunen og næringslivet har gjort for at Ulsteinvik skal vere ein attraktiv by.

Samtale: Etter å ha halde eit eige føredrag var bedriftsrådgjevar, matematikar og teknologiinvestor Silvija Seres ordstyrar då Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (f.v.), Øystein Bull-Hansen, fagansvarleg for Bylivsenteret og Pål Bakke i NHO Møre og Romsdal samtala om kva ein kan gjere for at ein stad, som til dømes Ulsteinvik, kan bli meir attraktiv. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

Etter nokre innleiande ord og ein presentasjon av Ulstein kommune ved ordførar Knut Erik Engh, var det til for matematikar og teknologiinvestor Silvija Seres. Etter hennar føredrag (eiga sak under), var det tid for ein samtale kring byutvikling og kva som gjer attraktive stader. I denne samtalen, med nemnde Silvija Seres som ordstyrar, deltok ordførar Engh, Øystein Bull-Hansen, fagansvarleg for Bylivsenteret og Pål Bakke frå NHO Møre og Romsdal.