Snipsøyrvatnet Rundt

Raskast i fjor, raskast i år

Marcus Megrund frå Valder IL gjentok bragda frå i fjor og stakk av med sigeren i den 39. utgåva av Snipsøyrvatnet rundt.
Nyhende

Megrund kom i mål på knallsterke 41.58, noko som er ei forbetring på 1 minutt og 17 sekund i høve til fjorårets sigersløp.

– Eg hadde gløymt kor mange bakkar det var, så eg måtte jobbe litt ekstra for å passere desse, fortel vinnaren. Han fortel at han stilte temmeleg uforberedt og la opp løpet ut ifrå magekjensla.

– Eg vart springande tidleg åleine. Håpet var å få med meg fleire, men avstanden vart for stor, fortel vigringen som kom i mål eit minutt og 20 sekund før andremann.

Vegarbeid

Som kjent har Røysetvegen vore under utbetring den siste tida. Det siste stykket frå Kaldholen og fram mot mål på Bjåstad har ikkje fått fast dekke enno.

– Eg mista nok litt tid på å kome meg forbi nokre anleggsmaskiner. Elles måtte eg legge om løpsstilen då vegen gjekk over frå fast dekke til ujamt grusunderlag.

Asgeir Bakken Rognstad frå Emblem IL kom inn som nummer to på 43.38. Den raskaste lokale løparen vart Einar Orten Trovåg frå Hareid IL som kom inn på 45.57. Til liks med Megrund tok også Orten Trovåg reprise på fjoråret, ettersom han kom inn som nummer tre då også. då på tida 46.17.

Raskaste kvinne vart Beate Helseth frå Ålesund som kom i mål på 1.02.01.

Nytt tidtakingssytem

Nytt av året var det nye tidtakarsystemet som friidrettsgruppa i Hareid IL har tatt i bruk. Arrangørane var litt spente på om teknologien var på deira sida og hadde difor ein backup-plan som inkluderte gode, gamle stoppeklokker.

Vêret var elles glimrande løpsvêr, skya opphaldsvêr med passe temperatur.

I alt stilte 46 deltakarar opp til start, av desse fullførte 45. Dette er ein oppsving frå 38 i fjor.

– Det er vel kanskje ikkje konturane av ein trend vi ser, men vi er i alle fall svært godt nøgde med deltakinga på årets løp, seier Odd Erling N. Eriksen i friidrettsgruppa.

Mellom deltakarane finn vi også dei to lokale veteranane André Gjerde (69) og Bjørn Harald Harkjerr (73). Dei har vore med på alle utgåver av Snipsøyrvatnet rundt sidan starten i 1980.


Resultatliste