Vil etablere augeklinikk i Convex-bygget

Augelege Henning Sandsmark har kjøpt første etasje i Convex-bygget. Planen er å etablere ein augeklinikk der.

Har overtatt første etasje: Augelege Henning Sandsmark (t.h.) har kjøpt første etasje i Convex-bygget. Solveig Kristensen og Bjarne Wærdahl er i ferd med å selje det meste av bygget, seksjon for seksjon. Til venste eigedomsmeklar Martin Mork Kleppe i Notar. 

Nyhende

Frå februar 2019 er augelege Henning Sandsmark på plass i Ulsteinvik som såkalla avtalespesialist. Tilbodet er ein del av den offentlege helsetenesta, heimla hos Helse Midt.