Fakkeltog mot pels førstkomande laurdag:

– Må halde fram kampen

Regjeringa har lova å forby pelsdyroppdrett innan 2025 - men 7 år er lenge å vente meiner dyrerettorganisasjonen NOAH. Og i år som i fjor blir det fakkeltog i Ulsteinvik.

Inviterer til fakkeltog: Nina Renate Røyset ønskjer alle som vil gå i fakkeltog hjarteleg velkomne til å bli med, førstkomande laurdag ettermiddag. Meir informasjon finn ein på arrangementet NOAHs Fakkeltog mot Pels 2018 - Ulsteinvik på Facebook. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

NOAH sitt fakkeltog mot pels har 15-årsjubileum i år, og i 2017 var turen for fyrste gong komen til Ulsteinvik. Då gjekk i overkant av 30 personar i tog for å markere motstand mot pelsdyrnæringa.

Etter nesten 30 års kamp vann dyrerettorganisasjonen fram i år - då regjeringa ønskjer å forby pelsdyroppdrett innan 2025.

– Fakkeltoget i år blir jo først og fremst eit sigerstog. Men, sju år er framleis ei god stund å vente, og vi skulle helst sett at næringa vart avvikla snarast mogleg. Mykje kan skje på sju år - plutseleg gjer politikarane om på lovnaden sin. Ein kan ikkje vere for sikker, seier Nina Renate Røyset i NOAH på Hareidlandet.

– Mykje å ta tak i framleis

I mat- og landbruksdepartementet blir det i skrivande stund jobba med avvikling av næringa, og innan utgangen av 2018 skal den økonomiske avviklingsordninga for pelsfarmene vere klar.

Sjølve lovproposisjonen skal ifølgje NOAH leverast til Stortinget slik at avviklinga kan kome godt i gang i denne regjeringsperioden.

– Sjølv om vi no har fått etterlengta signal om at ei avvikling er ønska, er det viktig å halde fram kampen. Vi ønskjer også at import av pels til Norge blir forbudt. Så det er mykje å ta tak i framleis.

Brenn for dyrevelferd

Nina Renate Røyset er oppteken av dyra sine rettar, og har vore det sidan ho var lita jente.

– Vi skal behandle dyra slik dei fortener å bli behandla. Det vil til dømes seie å ikkje putte dei inn i små, tronge bur med nettinggolv, og la dei gå der i si eiga avføring med sår og skadar. Hadde pelsdyrnæringa sett pelsdyra si velferd i sentrum og brukt humane avlivingsmetodar der dyra ikkje har det vondt, så hadde eg ikkje hatt så mykje i mot det - personleg. Men det har vore alt for mykje dårleg skjøtsel til at næringa kan halde fram, seier Røyset.

Førstkomande laurdag ønskjer ho altså alle som vil velkomen til å bli med og gå i fakkeltog.

– Vi går same ruta som i fjor, med startpunkt ved Blåhuset. Eg håper mange møter, og at vi får markert dette på godt vis, seier Nina Renate Røyset avslutningsvis.