Fleire år på overtid

Hareid kommune skulle eigenleg rullert kommuneplanen i 2016. No lurer Folkelista på om det skjer i 2019.

Brandal: Bernt Brandal meiner kommuneplanen må vedtakast til sommaren 2019. Arkivfoto 

Nyhende

På kommunestyremøtet i september stilte Folkelista-representant Kristian Fuglseth spørsmål om sitjande kommunestyret får fatte endeleg vedtak i rullering av arealdelen av kommuneplanen. Det ville vere to steg attende dersom eit nytt kommunestyre skulle starte med å setje seg ned med dette på nytt.

Rådmannen svara at det er ønskjeleg at dette skjer med sitjande kommunestyre, men det er ikkje sikkert dei får det til.

Førre veke sende gruppeleiar Bernt Brandal brev til Hareid kommune ved rådmann. Der argumenterer han for at det inneverande kommunestyret har arbeidd fram planen, difor er det også dei som bør slutthandsame planen. Førre planen vart vedteke i 2012, og han skal rullerast kvart fjerde år. Alt i februar 2014 kom det krav frå innbyggjarar om å endre konkrete delar av arealdelen. Innbyggjarane fekk avvist kravet, grunngjevinga var at rulleringa av planen var like rundt hjørnet.

Folkelista vil setje inn naudsynte grep om det trengst for å få vedtak til sommaren.