Forslag om manuell teljing ved kommuneval

– For at det ikkje skal vere nokon tvil om tilliten til valet foreslår vi no at alle kommunar skal telje stemmesetlane manuelt minst éin gong, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Alle kommunar skal telje stemmesetlane manuelt minst éin gong, går det fram av eit nytt forslag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender no forslag til endringar i valforskrifta på høyring. I høyringsnotatet vert det mellom anna foreslått å forskriftsfeste at den førebelse oppteljinga av stemmesetlar skal gjerast manuelt.

– Folk skal vere sikre på at valresultatet er korrekt og at dei får den samansetjinga av kommunestyre, fylkesting og kommunedelsutval som dei har stemt fram. Dette er heilt grunnleggjande i demokratiet vårt. Det er viktig at det ikkje er noko usikkerheit rundt oppteljinga. Vi foreslår derfor at den førebelse oppteljinga av stemmer skal gjerast manuelt, seier Mæland.

Endringa vil i større grad enn kva regelverket gjer i dag sikre at alle kommunar har to uavhengige oppteljingar, noko som gir legitimitet til valresultatet.