Digitaliserer helsestasjonane i Sjustjerna

Vil bli meir tilgjengelege

Gjennom digitalisering skal informasjonen til helsestasjonane bli lettare tilgjengeleg og attraktiv for brukarane, fortel Inge Pettersen. Han skal arbeide i to år med digitalisering av helsestasjonane.

Prosjektleiar: Inge Pettersen er tilsett i ei toårig stilling som prosjektleiar. Det er ikkje han som skal gjere alt, men leggje til rette og leie prosjektet.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

I dag forventar innbyggjarane i stadig større grad at tenestene dei treng finst digitalt. Folk har lite lyst til å bruke store delar av arbeidstida si på å sitje i telefonkø for å bestille time på helsestasjonen eller for å få gitt ei enkel melding. I dag finst det ikkje andre løysingar enn at dei må ringje. Det er det Pettersen no vil gjere noko med.