Arbeidsløysa fell vidare

Talet på registrerte heilt ledige fall med 600 personar frå september til oktober, ifølgje sesongjusterte tal frå Nav. Arbeidsløysa er no 2,2 prosent.

Talet på registrerte heilt ledige fall med 600 personar frå september til oktober, ifølgje sesongjusterte tal frå Nav. Arbeidsløysa er no 2,2 prosent. 

Nyhende

Ved utgangen av oktober var det registrert 61.500 heilt arbeidsledige hos Nav, ein nedgang på 4.500 samanlikna med oktober i fjor. Arbeidsløysa har dermed gått ned frå 2,4 prosent av arbeidsstyrken for eitt år sidan til 2,2 prosent i oktober i år. 48 prosent av dei heilt ledige tok imot dagpengar i oktober, viser deiferske tala frå Nav som vart lagt fram fredag.

Til saman var 76.500 personar registrerte som heilt arbeidsledige eller arbeidssøkarar som deltar på tiltak hos Nav (bruttoarbeidsløysa). Det er 8.900 færre enn i oktober i fjor, og svarar til 2,8 prosent av arbeidsstyrken, ned frå 3,1 prosent i fjor.

Betre for ingeniørar

Bruttoarbeidsløysa gjekk ned med 1.300 personar den siste månaden.

– Arbeidsløysa har samla sett gått ned dei siste tre månadane etter ein auke i juli. Så langt i år har både bruttoarbeidsløysa og talet på heilt ledige gått vidare ned, men saktare enn i fjor. Det er framleis i Rogaland og blant ingeniørar at arbeidsløysa har falle mest, seier Nav-direktør Sigrun Vågeng.

Delen heilt ledige var på 2,3 prosent av arbeidsstyrken ved utgangen av oktober, ifølgje sesongjusterte tal.

Søkartala fell

Den siste månaden har talet på nye arbeidssøkarar gått vidare ned. I oktober var det i gjennomsnitt 740 personar som registrerte seg som arbeidssøkjar hos Nav kvar virkedag. Dette er det lågaste talet på sidan september 2008.

Talet på ledige ingeniørar og IKT-medarbeidarar har gått ned med 30 prosent så langt i år, og er yrkesgruppa med den største nedgangen i arbeidsløysa, følgt av industriarbeid og bygg og anlegg.

– Oljesmellen ramma hardt, men spora er i ferd med å bli viska ut, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).