Biltjuveri i Ulsteinvik

Bilen til Janita Sundgot Vattøy blei stolen frå Reiten fredag ettermiddag.  Foto: Privat

Nyhende

Oppdatering klokka 1525: Politiet har funne bilen, får bileigar opplyst.

To personar vart stansa då dei kom køyrande i bilen. Dei to er pågripne.

Politiet i Møre og Romsdal melder fredag på twitter at dei har fått melding om tjuveri av ein svart Golf ved Reiten i Ulsteinvik.

Bilen har registreringsnummer UF 63237 og politiet ber om at observasjonar blir meldt til tlf: 02800.

Bilen er eigd av Janita Sundgot Vattøy, som jobbar på Kompetansenteret på Reiten.

Ho fortel til Vikebladet Vestposten at biltjuveriet skjedde veldig raskt.

- Eg var ferdig på jobb og skulle berre hente jakka mi i gangen. Men eg fann ikkje noka jakke, og sidan eg visste at bilnøkkelen låg i lomma, gjekk eg ut på parkeringsplassen for å sjekke om bilen min stod der. Det gjorde han, seier ho.

Vattøy gjekk så inn att på Kompetansesenteret for å leite vidare etter jakka si. Ein kollega tilbaud seg å parkere sin eigen bil framom Golfen til Vattøy, men då vedkomande kom ut på parkeringsplassen, var bilen vekk.

- Nokon har altså teke jakka mi, funne bilnøkkelen og stukke av med bilen. Det heile skjedde veldig raskt, seier ei oppgitt Janita Sundgot Vattøy.

Ho håper no at bilen vert funnen snart.