Riise på topp for Høgre

  Foto: Arkivfoto: Emily Louisa Millan Eide

Nyhende

Ordførar i Hareid, Anders Riise, er Høgre sin førstekandidat til fylkestingsvalet.

I ei pressemelding seier Riise at han er glad og audmjuk når nominasjonskomiteen har sett han på førsteplass på lista.

- Eg er og klar til å gå inn i ein lang valkamp der vi skal få fram Høgre sin politikk og løysingar for den nye regionen Møre & Romsdal med nye oppgåver til det beste for innbyggjarane og eit sterkt næringsliv, seier han.

Høgre presenterte ei liste på 47 namn. Dei øvste fem er:

  1. Anders Riise, ordførar Hareid
  2. Monica Molvær, Ålesund
  3. Torgeir Dahl, ordførar Molde
  4. Kjersti Andersen, ordførarkandidat Smøla
  5. Falk Daniel Øveraas, Unge Høgre/Vestnes