Ser enden på eit årelangt vassmareritt

Ekteparet Randi Døving og Trond Innjatte Røyset er inne i sitt femte år utan innlagt vatn. – Det er eit evig attelet, seier dei.
Nyhende

– Sjå der, no er han her! Lokalavisa er ikkje meir enn komen innanfor døra hos ekteparet på Røyset før det dukkar opp ein bil frå Hareid kommune. – Dette var som bestilt, eg sende melding i går om at vi trong meir vatn, fortel Randi Døving. Sjåføren heiser to store vasstankar om bord i lastebilen, før han fer for å fylle dei med vatn. Slik har det vore sidan i vår: Hareid kommune køyrer vatn til huset i Røysetvegen 240.