Straum og nettlaust på delar av Dimnøya

Nyhende

Vegen rundt Dimnøya er stengt i Vågane etter at ein lastebil tok opp i straumleidningane og knekte ein stolpe tidlegare fredag.

Mørenett skriv på sine nettsider at det er sendt ut montørar for å få bukt med problemet. Tips Vikebladet Vesposten har fått fortel at ein del hus er utan straum. Samstundes er store delar av Dimnøya utan internett.

Ifølgje Tussa sine nettsider er det ein større fiberfeil på Dimnøya. Tussa jobbar med å få retta opp dette, men dei er usikre på kor lang tid det vil ta å få orden på problema.