Tussa Kraft føreslår mindre utbytte og endring i styrestorleiken:

Vil sjå på revidert framlegg

Ordførarane og rådmennene i «sjustjerna» meiner Tussa Kraft sine to forslag til endringar på aksjonæravtalen er realistiske nok til å ville setje saman ei arbeidsgruppe som skal utarbeide eit revidert framlegg.

Orientering og forslag: Konsernsjef i Tussa Kraft AS, Elling Dybdal, orienterte ordførarane og rådmennene i kommunane på Søre Sunnmøre om Tussa sine forslag til revidering av aksjonæravtalen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Brorparten av ordførarane og rådmennene i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre – eller «sjustjerna» – var samla til møte på Ulstein Arena fredag. Der var eitt av fleire tema som blei tatt opp aksjonæravtalen kommunane har med Tussa Kraft. Eit selskap som dei alle anten eig store eller små aksjepostar i.