Laurdagspraten

– Eit greitt bevis på at eg kan faget mitt

Johannes Emdal Rønning er berre 20 år gammal, men har allereie rokke å starte selskap og blitt noregsmeister.
Nyhende

Vikebladet Vestposten møter Johannes på byggeplassen i sentrum av Ulsteinvik, der parkeringskjellaren, bustadblokkene og parkanlegget som til saman vil danne Bjørndalvegen Park gradvis veks fram. Han er hyra inn av entreprenøren, og er stødig og nøyaktig der han opererer Volvo-gravemaskina, midt på den store plassen.