Inviterer til ope møte på Ulstein bibliotek om kommunebudsjettet, tysdag 6. november:

Vil ha innspel frå folket

Rådmann Einar Vik Arset legg ikkje skjul på at Ulstein kommune har utfordringar, og ønskjer at innbyggjarane møter fram for å seie meiningane sine om vegen vidare.

Rådmannen: Einar Vik Arset, rådmann i Ulstein kommune, håper på godt frammøte under det opne møtet kring kommunebudsjettet 6. november, på Ulstein bibliotek. – At innbyggjarane veit mest mogleg om prosessane i kommunen er viktig. Det gir det beste grunnlaget for eit godt ordskifte, seier Arset til lokalavisa. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

– Dette passar godt i høve strategien vår, som handlar om at vi ønskjer å vere ein open kommune. Det å leggje føringar for driftsåret 2019 er ei av dei sakene som har stor offentleg interesse, og som vi veit mange interesserer seg for, seier Arset.

Møtet, som føregår på kveldstid, vil ta til med ein presentasjon frå rådmannen, før det blir opna for kommentarar og spørsmål frå dei frammøtte.

– Vi skal prøve å gje eit forenkla bilete av situasjonen, og setje det i ein samanheng – der ein ser samfunns- og regionalutvikling opp mot det vi er i stand til å få til med rammene vi har i 2019 og framover.

Utfordrande – men mogleg

Einar Vik Arset legg ikkje skjul på at det er utfordrande for Ulstein kommune til dømes i høve ein sviktande skatteinngang.

– Det å ha ein gjeldssituasjon der ein har gode skatteinntekter er i utgangspunktet ikkje eit problem. I tillegg har vi investert mykje på fleire område som gir oss inntekter. Det kom nok like overraskande på oss som det gjorde på næringslivet at oljesmellen skulle få slike store konsekvensar. Ein kan sjølvsagt hevde at vi har operert med ein høg risikoprofil, men no gjeld det å tilpasse oss situasjonen. Vi må sikre at det blir berekraftig også framover, seier Arset.

Som fortel at kommunen har lagt opp til eit løp som forhåpentlegvis skal sikre at ein har kontroll på situasjonen i mange år framover.

– Vi håper sjølvsagt det. Vi må roe veldig ned på investeringstakta, der vi er i nasjonal toppklasse. Ein investeringsstopp, med andre ord. Vi skal halde fram med å sikre at vi leverer gode nok og effektive tenester, men dei større investeringane må vi roe ned. Lokalsamfunnsutvikling må vi jobbe med like sterkt som før, men det vil ikkje gje sitt utslag i investeringsporteføljen, seier rådmannen.

Arset håper som sagt at flest mogleg møter.

– Det er viktig for oss – gjennom eit slikt oppstartsmøte – å gje innbyggjarane innsikt i kva som føregår, og gje dei moglegheita til å påverke, inn mot dei folkevalde.

Frå svært utfordrande til betring

Rådmann Arset fortel at om ein ser på nokre utviklingstrekk frå 2016 til 2019 – så ser ein til dømes ei utvikling på eitt av kriteria i utgiftsutjamninga til regjeringa. I 2016 låg Ulstein kommune 70 prosent under landsgjennomsnittet i utfordringar på levekårsområdet, der tala på arbeidslause, personar med låg inntekt og fleire andre kriterium blei vekta. I 2019 vil Ulstein ligge 23 prosent over landsgjennomsnittet.

– Dette viser til dømes at veksten i økonomisk sosialhjelp har vore eksplosiv. Men, her er det rom for tolking av årsakssamanhengar, sjølvsagt, seier Arset.

Han fortel at Ulstein kommune etablerer ein jobbsentral og styrkar introduksjonsprogrammet sitt – gjennom fagkurs, utarbeiding og gjennomføring av fleire tilrettelagde løp for fagbrev og forlenging av programmet ved behov.

Omsorgstenestene i Ulstein er – sjølv samanlikna med snittet blant dei 40 fattigaste og mest effektive kommunane i landet – heilt i tet. Det blei klart i ei nyleg gjennomført tenesteevaluering i kommunen. Det har dei siste åra vore underdekking i drifta i omsorgstenestene, men det blir no føreslått å løyve 10 millionar kroner i tillegg til kompensasjon for kostnadsvekst for brukarar med særleg ressurskrevjande behov.

Å redusere gjeldsnivået vil framleis vere eit viktig mål. Difor blir altså alle store investeringar i det administrative framlegget tatt ut av investeringsplanen for den neste fireårsperioden.