Ulstein og Hareid Dykkerklubb:

Fekk 50.000 kroner frå Sparebanken Møre

Ulstein og Hareid Dykkerklubb har søkt om og fått tildelt 50.000 kroner av Sparebanken Møre.

Stor gåve: Beate Skeide i Sparebanken Møre møtte opp på Ulstein og Hareid Dykkerklubb si trening i Ulstein Arena med ein sjekk på 50.000 kroner.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Trening: Ulstein og Hareid Dykkerklubb har treningar i Ulstein Arena onsdagar og torsdagar.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

To kveldar i veka møtest medlemmer frå Ulstein og Hareid Dykkerklubb til trening i Ulsteinbadet. Torsdag kveld fekk dei besøk frå Beate Skeide og Sparebanken Møre i Ulsteinvik, som kunne overrekke ein sjekk på 50.000 kroner til dykkarklubben.

Klubben har kjøpt inn både symjeføter og nye masker med snorklar, i tillegg til hetter med øyrebeskyttelse som kan brukast til undervassrugby, fortel Håvard Stave i Ulstein og Hareid Dykkerklubb.

For under treningane i Ulsteinbadet står det både intervall- og kondisjonstrening med fridykkingsutstyr på programmet, før ein mot slutten av treningane hentar fram mål og spelar undervassrugby i djupaste enden av bassenget.

– Vi startar å symje fram og tilbake med fullt utstyr og snorkel for å få opp kondisjonen. Deretter byrjar vi å presse lungene og går meir over på intervalltrening. På slutten delar vi inn i to lag og spelar rugby på botnen, dersom folk har lyst til det, fortel Stave.

Med 50.000 kroner frå Sparebanken Møre har dykkarklubben fått sjansen til å kjøpe inn meir utstyr som medlemmane kan bruke.

– I tillegg til fridykkingsutststyr har vi også kjøpt inn oksygenutstyr. Det er mest for flaskedykkarane våre og har eit sikkerheitsaspekt i tilfelle dei må gjennomføre ei rask oppstiging, forklarar Per Johan Skinnes som er leiar i Ulstein og Hareid Dykkerklubb.

Håvard Stave legg til at ein også har nokre midlar som ein ikkje heilt har bestemt seg for kva ein skal bruke til.

– Vi prøvar å ikkje bruke dei fortare enn nødvendig. At vi strekkjer midlane lengst mogleg, fortel Stave.