På veg mot utrydding, berre fordi dei er irriterande

Desse krabatane, kjempebeltedyra doedicurus og glyptodont, kunne vege så mykje som to tonn. I tillegg var dei ikkje særleg smarte og bevega utruleg treigt. Det kan hende dei var irriterande også, men det får vi nok aldri vite. Dei var uansett midt i blinken for indianarstammar som var på jakt etter eit lettvint måltid, noko som førte til at beltedyra vart utrydda temmeleg kjapt då menneska dukka opp. Glyptodonten til venstre.  Foto: (teikning) Robert Bruce Horsfall

Nyhende

Pungulven, kjempebeltedyret og dronten har, trass i visse fysiologiske forskjellar, noko til felles. Diverre har dei ikkje høve til å glede seg over likskapen. Fellestrekket deira er nemleg at dei er døde, alle som ein. Utrydda av mennesket. Pungulven så seint som i 1933, utrydda fordi innbyggjarane på Tasmania tykte han var eit irriterande skadedyr. Dronten hadde den uheldige kombinasjonen at han var god på smak, men mangla flygeevne, medan kjempebeltedyret i Sør- Amerika var så saktegåande at ein rakk å grille det før det greidde å stikke av.