Vil fremje tv- og internettilbodet som politisk sak

– Dei eldre må bli tatt med på råd og ikkje verte plassert på sidelinja, seier Eli Skaatun i Fellesrådet.
Nyhende

Torsdag hadde vi på trykk ei sak om Fritjof og Oddrun Eiksund som bur i omsorgsbustad på Ulshaugen. Etter ei omlegging av nettet har dei mellom anna mista høvet til å velje sine eigne tv-kanalar.

– Det verste er kjensla av å vere tilsidesett, seier dei.

Saka har engasjert mange og Eli Skaatun, nestleiar i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, fortel at dei vil fremje tv- og internettilbodet i omsorgsbustadane som ei eiga sak i på neste møte i fellesrådet den 14. november.

– Det handlar om å ta eldre på alvor og ta dei med på råd. Å verte tilsidesett på dette viset er ikkje greitt, seier ho.

Det er ein ny generasjon som er på veg inn i omsorgsbustadane no, ei gruppe der mange er vane mad å nytte IT.

– Kommunen sjølv legg stor vekt på å få IT inn i omsorgsbustadane. Då er det ein føresetnad at teknikken fungerer, seier Skaatun som også sit i det lokale arbeidsutvalet for prosjektet «Leve hele livet», eit tiltak i regi av regjeringa som skal sikre eldre ein trygg og aktiv alderdom.

– Tv- og internettilbodet går rett inn i dette arbeidet.




– Kjensla av å verte tilsidesett er verst

– Det verste er ikkje at Eurosport forsvann, men kjensla av å verte overkøyrd og parkert på sidelinja.